Høyr podcastar av barnebokforfattarar

Nynorskbok lagar podcast der barn intervjuar barnebokforfattarar.

Forfattarane Hilde K. Kvalvaag, Tor Arve Røssland og A. Audhild Solberg er intervjua.

Der snakkar dei om korleis det er å vere forfattar, og om bøkene dei har skrive.

Kanskje du også får nokre skrivetips?

Veit du kva A-en i A. Audhild Solberg står for? Ho fortel alt om dette om du lyttar i podcasten.

Høyr fleire intervju her!

Barna som intervjuar har tidlegare skrive bokmeldingar i Framtida junior.

Presentasjon av bokmeldarane