Sunniva (13) er bokmeldar for Framtida Junior | Framtidajunior.no

Sunniva (13) er bokmeldar for Framtida Junior

Sunniva Tonning er 13 år og bur på ein gammal gard i Sanddalen i Jølster. Ho er bokmeldar for Framtida Junior. Foto: Bjørnar Osnes

Hei!

Eg heiter Sunniva Tonning og er 13 år. For eit par år sidan flytta eg og familien min til ein gammal gard i Sanddalen i Jølster, og det er der eg bur no.

Eg har hatt mange gode leseoppleveingar. Den første serien eg las fleire gonger, og som var favorittserien min lenge, var ein serie om hestar. Kattekrigerne er óg en av mine beste leseopplevingar, og det same gjeld CLUE-serien og Pegasus-serien.

For at eg skal like ei bok, må ho innehalde gode skildringar, variert språk, litt humor og ikkje minst må ho vere spennande, gjerne litt heile tida. Krimbøker og fantasybøker er det eg likar best, men nokre gonger les eg hestebøker óg. Nokon av dei eg likar best er for eksempel Stall Nova av Ingrid Wiese og serien om Den svarte hingsten av Walter Farley.

I tillegg til å lese og skrive, likar eg å ri, trene, og vere med venene mine. For ei stund sida vart eg engasjert i klima og miljø, og eg har delteke på tre klimastreikar. 

Les om fleire gode bøker her!

Kva meiner du?

76 svar

Kva er det beste sjekketrikset til bøylepingvinane?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir