Licypriya (8) er ein berømt klimaaktivist

Det har vore eit travelt år for Licypriya Kangujam. Ho har fått global merksemd for sitt engasjement for klimaet, ho har heldt talar i mange land, og fått ros av generalsekretæren i FN. 

Licypriya blei født 2. oktober 2011 i landsbyen Bashikong nordaust i India. Sidan den gong har ho besøkt heile 32 land for å halde talar om klima og naturkatastrofar. Ho har også vunne fleire prisar og i 2018 grunnla ho sin eigen miljøorganisasjon, The Child Movement.

– Då eg starta var eg åleine. No har eg tusenvis av støttespelarar over heile verda, seier Licypriya til VG. 

Det fikk Twitter oppleve då dei stengte kontoen hennar. Det skjedde etter at Licypriya hadde skrive ein irritert tweet om at media samanliknar ho og Greta Thunberg. Tweeten vart delt meir enn 24 000 gongar, og over 1,5 millionar menneske såg videoen ho la ut. Støttespelarar frå heile verda twitra at dei støtta ho, og etter nokre timar vart kontoen opna att. 

VIKTIG MØTE: Licypriya Kangujam i møte med António Guterres som er generalsekretær i FN.
Foto: Dilanlekamge / CC BY-SA

Rasisme

Licypryias mor Bidyarani Devi Kangujam Ongbi, som er ansvarleg for kontoen hennar, meiner at Twitter forsøkte å hindre dottera i å seie si meining. Twitter svara ifølgje BuzzFeed at dei hadde behov for å få fram at det er mora til Licypriya som er ansvareg for kontoen. 

Licypriya meiner det handlar om rasisme. 

– Media må klare å fokusere på fleire klimaaktivistar i verda. Særleg dei som kjem frå utviklingsland, fordi desse landa også er mest sårbare for klimaendringar. For nokre månedar sidan blei ei kinesisk jente som er klimaaktivist fengsla, men det blei ingen stor sak. Det same skjedde i Russland med ei anna jente som blei fengsla i fem dagar. Media skriv nesten berre om kvite personar frå Europa og Amerika, seier ho til VG.