Vinnar av skrivekonkurransen: – Dette er ganske løye!

Lucas Persche-Maudal (12) skreiv seg til topps i Foreningen !les og Framtida junior si skrivekonkurranse. Oppgåva var å skrive ein biografi, og Lucas skilde seg ut. Han skreiv nemleg om sin favorittkarakter frå En pingles dagbok: Greg Heffley.

HEIMESKULE: Lucas har heimeskule som alle andre. Foto: Katrin Persche

Eg har ikkje ord. Det er jysla kjekt, serier Lucas over telefonen.

Han har heimeskule, og har akkurat fått vite at han er vinnaren i skrivekonkurransen.

På spørsmålet om han likar å skrive er han ikkje nådig.

Å skrive er det verste eg veit, så dette er ganske løye, seier han.

Men Lucas har gjort noko riktig. Omkring 600 bidrag var med i konkurransen. Det er ny rekord i talet på deltakarar i ein skrivekonkurranse på Framtida Junior.

Juryen si grunngiving

I juryen sat redaktørane Bente Lothe Orheim (Gyldendal) og Elen Betazo (Samlaget) samt Guro Kristin Gjøsdal frå Nynorsksenteret. Dette var juryen si grunngiving om vinnarteksten:

Så fint å bruke biografi-sjangeren til å bli kjent med ein litterær karakter! I denne teksten skriv forfattaren både om generelle eigenskapar Greg frå «En pingles dagbok» har, og viser til ulike episodar frå bokserien. Det flyt godt, og det er levande fortald. Forfattaren har tydelegvis god kunnskap om Greg og bøkene, og fortel på ein oversiktleg – men samstundes engasjerande måte.

Ei bok mange kjenner til

Før Lucas sette i gang bestemte han seg for å skrive om ein karakter frå ei bok mange barn kjenner til. Derfor blei det Greg Heffley frå favorittbøkene til Lucas. Det gjorde han rett i for teksten skilde seg ut frå alle dei andre bidraga som kom inn.

Eg har lese alle bøkene og sett nokre av filmane av En pingles dagbok.

Om karakteren Greg Heffley har Lucas dette å seie:

Han er unormalt rar, og gjer mange dumme ting.

Vi ler derfor av han.

Vi får vite korleis han tenker, og det er der humoren ligger, seier Lucas.

Feirer med hopp og sprett

Lucas får ikkje feire saman med klassekompisane på Forsand skule, sidan det er heimeskule om dagen. Han anar derfor ikkje korleis feiringa blir. Men han er veldig, veldig glad.

Etter at intervjuet er slutt får journalisten ei melding frå mamma Katrin Persche som seier at Lucas feira med hopp og sprett i stua!

HOPP OG SPRETT: Lucas fekk ikkje feire med klassa, men tok nokre feirande sprett i stova.