Visste du at Noreg har ein aktiv vulkan?

Det skal seiast at vulkanen ikkje er på fastlandet, men på Jan Mayen. Det er den einaste aktive vulkanen som er norsk.

Vulkanen Beerenberg på øya Jan Mayen er Noregs einaste aktive vulkan.

Vulkanen er også verdas nordlegaste aktive vulkan. Jan Mayen er ei arktisk øy i Norskehavet, som er ein del av Noreg. Trass at Jan Mayen er norsk, er namnet på vulkanen og fjellet nederlandsk. “Beerenberg” betyr “Bjørneberg”.

På 1970-talet trudde ein at vulkanen var dø, men i 1985 kom det, som til no, var det siste utbrotet.

Den høgaste toppen av vulkanfjellet er 2277 meter høgt.

Kvifor dukkar vulkanar opp?

Vulkanutbrot skjer når magma, den flytande massa frå jordas indre, nærmar seg jordoverflata.

Då bryt magmaen ut og flyt nedover fjellsida som lava. Det kan også kome ut som aske, faste eller delvis smelta steinblokker.

Vulkanane oppstår ofte ved kontinentalplategrensene der jordplatene vert trekt frå kvarandre eller møter kvarandre.

Fastlands-Noreg ligg langt frå grensa, så det er trygt her hos oss. 

Vulkanen i Pompeii

Har du lese om vulkanen i Pomopeii?

I år 79 blei ein by i Italia begravd av seks meter med oskenedfall etter eit vulkanutbrot.

Då utbrotet skjedde var innbyggjartalet på mellom 10.000 og 20.000 menneske. Alle mista livet.

Sidan det ikkje var lava, men oske vart byen ikkje øydelagt.

I 1861 byrja dei å grave fram byen. Oska hadde danna eit sementkapsel som hadde bevart byen. Under utgravinga fylte arkeologar hulroma der skjelletta låg med gips. 

(AP Photo)