Forskarar trur dei har funne verdas eldste historie

Ei gamal aborigin-historie frå Australia skildrar danninga av vulkanen som fekk namnet Budj Bim.

Historia som blei fortalt av Gunditjmara-folket i Australia, skildrar deira versjon om korleis vulkanen Budj Bim blei til.

Geologar seier at dette kan vere den eldste historia i verda, fordi dei har funne teikn på at vulkanen blei til for omtrent 37.000 år sidan. Det skriv Daily Mail.

Ein einsam gigant

Historia handlar om fire gigantiske vesen som kom til det sørvestlege Australia. Tre av gigantane spreidde seg utover landet, men den siste giganten blei verandre på ein plass.

Giganten blei einsam og blei trykt ned mot bakken. Tenna blei til lava, medan kroppen blei til vulkanen som er kjent som Budj Bim.

Denne historia har overlevd generasjonar etter generasjonar. Historia blei fortalt munneleg gjennom det som viser seg å vere tusenvis av år.

Vulkanar gjorde stort inntrykk

Forskarar har funne bevis på at to vulkanar vart danna samtidig for omtrent 37 000 år sidan, og at dette har gått veldig raskt.   

Forskarar meiner at dette kan ha gjort så stort inntrykk på urbefolkninga som resulterte i at dei laga historia om dei fire gigantane og Budj Bim-vulkanen.