Kaffetorsken – ei ny bok med eldgamal tradisjon

Boka Kaffetorsken handlar om ei ti år gamal jente som heiter Tora. Ho ror ut åleine på det store havet for å sikre seg årets kaffetorsk.

Den nye boka til forfattar Lena Lindahl. Illustrert av Endre Skandfer.

Stortorsk frå Barentshavet

No er forfattar Lena Lindahl aktuell med boka Kaffetorsken. Forfattaren vaks opp i Lofoten, der hovedpersonen i boka hennar, Tora, også bur.

Frå huset sitt kan Tora sjå havet. Om sommaren ligg havet blankt og stille, men om vinteren kan sjøen jage vilt.

Det er mot slutten av januar og Lofotfiske er i gang. Då kjem alle stortorskane frå Barentshavet til Lofoten for å gyte.

Ein dag ror Tora ut på torskefiske heilt åleine i ein liten båt. Ho har så lyst til å skaffe seg ein Kaffetorsk.

Kva er ein kaffetorsk?

Kaffetorsken er ei vakker, gjennomillustreret bok av Endre Skandfer. Boka er skriven på bokmål og er gitt ut på Cappelen Damm.

Kaffetorsk er eit fenomen som dukka opp på 50-talet i Lofoten i Nordland. Avisa Lofotposten laga ein fiskekonkurranse, og lova ein pakke kaffi til alle fiskarane som drog opp ein torsk (skrei) på over 30 kilo. Tradisjonen lever framleis den dag i dag.

2016 var eit rekordår for Kaffetorsk. Då fekk Lofotposten inn 489 kaffetorskar som alle var over 30 kilo. 

Viktigaste gytefelta for tosken ligg utanfor Lofoten.

Illustrasjon frå boka Kaffetorsken. Forfattar Lena Lindahl. Illustratør Endre Skandfer