Vaksne er også mørkeredde

Det er ikkje berre barn som kan bli redde i mørket.

Saka er henta frå ung.forsking.no

Ei forskning utført av den danske forskaren Mathias Clasen viser at vaksne blir meir engstelege i mørket.

Forsøket blei utført slik

Dei vaksne blei delt inn i to grupper. Ei gruppe blei plassert i eit lyst rom. Den andre gruppa blei plassert i eit mørkt rom. Alle hadde høyretelefonar på seg.

Då dei blei utsatt for høg lyd i øyrene reagerte dei som sat i mørket meir enn dei som sat i lyset. Forskarane målte at personane i det mørke rommet fekk raskare puls.

Arv frå fortida

Forskarane trur at frykta for mørket har overlevd i oss menneske frå tida då vi levde med fleire farar. Til dømes rovdyr som jakta på natta.

Når ein er mørkeredd er det kanskje ikkje sjølve mørket du er redd for, men farar som gøymar seg der.

Mennesket ser dårleg i mørket samanlikna med dyr. Når det er mørkt blir fantasien sterkare, og det kan gjere ting ekstra skummelt.

Er du mørkeredd?

Er du mørkeredd?

Ja, litt30
Ja, veldig53
Nei10
Absolutt ikkje6
Veit ikkje4
Svar totalt: 103