Her får barn løn som tungeskjerarar

I fleire hundre år har Lofotfiske vore ei viktig inntektskjelde både for dei som bur i Lofoten, men også for heile Noreg. Barn kan også tene pengar på å skjere torsketunge.

Frå januar til april kjem skreien/torsken for å gyte, eller legge egg, i Lofoten. Torsken er kjempesvær og veldig populær. Derfor er det mange som fiskar etter torsk på Lofotfiske.

Når torsken er sløgd blir torskehovuda levert til tungeskjerarane. Då trer dei hovudet på ein pigg og skjer tunga og den kjøtfulle hakemuskelen laus med ein skarp kniv.

Torsketunge er nemleg delikatesse og blir seld både til Noreg og resten av verda. 

Ylva og Tobias jobbar i vinterferien

Mange unge får vere med som tungeskjerarar. I dokumentaren Tungeskjærerne på NRK får vi følgje Ylva på ni år som reiser frå Oslo til Myre i Nord-Noreg i vinterferien. Der møter ho den erfarne tungeskjeraren Tobias på elleve år, som med stødig hand lærer opp Ylva. 

I starten er det vanskeleg, men etterkvart får Ylva kontroll på kniven og fiskehovuda.

Du kan sjå dokumentaren, Tungeskjærerne, på nettspelaren i NRK. Gå inn på NRK her.

Barn og unge tener gode pengar

Særleg i vinterferien er det mange skuleelevar i Nord-Noreg som tek jobben som tungeskjerarar under Lofotfiske. Og ein kan tene mykje pengar. Tobias skar tunge for å kunne kjøpe draumebåten.

Dei fekk utdelt ein skarp kniv, tjukke hanskar og regnkle. Og så var det berre å skjere.

– I fjor stod eg her i seks timar og skar. Då var eg ikkje så god og skar ikkje så veldig mange kilo, seier Tobias i dokumentaren. 

Men Tobias er veldig flink, og skar seg heilt til mål og fekk kjøpe båten sin som kosta 50.000 kroner.

Kva er forskjellen på skrei og torsk?

I utgangspunktet ser torsk og skrei ut som dei er heilt like, med sin lange kropp, store hovud og det typiske torskeskjegget. Vi skil mellom to hovudtypar.

  • Torsk eller kysttorsk held til langs norskekysten. Kysttorsken kan bli 40 kilo.
  • Skrei kjem symjande frå Barentshavet. Skreien kan bli 55 kilo.

Skreien er muskuløs og fast i kjøtet etter å ha vore på ein fleire tusen kilometer lang symjetur.

Torsk inneheld mykje godt for oss menneska

  • Protein, som bygg og held ved like alle cellene i kroppen
  • Vitamin D, som er viktig for å få den riktige kalsiumbalansen i kroppen, og derfor bidreg til å halde skjelettet sunt.
  • Vitamin B12, som er viktig for at kroppen skal danne nye celler. Mellom anna raude blodceller.