Vann Norli Junior: – Har lese ut nesten heile biblioteket

3. og 4.trinn ved Foldrøy skule på Bømlo vann suverent den nasjonale lesekonkurranse Norli Junior.

FAKTA: Norli Junior
  • Viss alle dei 138 millionar sidene som er lese i Norli Junior blei lagt etter kvarandre – så kunne ein lagt sidene frå Nordpolen til Sørpolen og nesten halvegs tilbake igjen.
  • Lesekonkurransen er ferdig for dette skuleåret.
  • På Norli Junior-klubben kan du enno registrera deg og kor mykje du les.
  • Les du meir enn tre bøker eller 500 sider på ein månad kan du henta deg ein premie.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er veldig bra og supergøy! seier Samuel Stølen (9) om å vinna lesekonkurransen.

– Me har nesten lese ut heile biblioteket, ler Nickolai Sørvik Ånderå.

I snitt har kvar elev i klassen klart å lesa 12571 sider på tre månader.

Fredag sist veke var det stor feiring på skulen med talar, kake, boller, saft og medaljar til alle som hadde vore med. Vinnarklassen fekk 10.000 kroner i premie.

Har lese 138 millionar sider

52000 barn frå 2800 barneskuleklassar over heile Noreg har vore med på lesekonkurransen Norli Junior. På tre månader har dei lese 138 millionar sider.

– Det viktigaste for meg er at alle barna på Bømlo synest det er kjekt å lesa, seier kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund.

VANN 10000: Frå venstre: Kristin Olsen, Håvard F. Helvik, Leon B. Larsen, Thea N. Alfsvåg, Nickolai Sørvik Ånderå, Kristian Stølen, Aron Fylkesnes, Augustin Fylkesnes, Sverre Stølen og Samuel Stølen.

Startar kvar dag med lesing

Kvar dag startar klassen ved Foldrøy skule med 20 minuttar lesing. Og kvar gong dei er ferdig med ei oppgåve, så får dei lov til å lesa.

Nokre elevar har med bøker heimeifrå, og andre finn bøker på biblioteket. I tillegg har skulen abonnement på Lesemeister der elevane kan velja å lesa mange bøker på nettbrett.

– Det er veldig bra utval og tilpassa kvar elev, slik at ein kan velja kva nivå ein ligg på, seier lærar Linn Marit Halleråker.

– Eg likar best å lesa bøker, då kan eg blad sjølv, seier Samuel Stølen.

4 om lesefavorittar

Nickolai Sørvik Ånderå (9)

4.trinn, Foldrøy skule

Kva likar du best å lesa?

– Spenning, humor og krim.

Kva er favorittboka di?

Bestefar på rømmen. Den var veldig morosam og er skrive av favorittforfattaren min David Walliams.

 

Samuel Stølen

Samuel Stølen (9)

4. trinn, Foldrøy skule

Kva likar du best å lesa?

– Detektivbyrå nr 2-bøkene og Amueletten-bøkene.

Kva er favorittboka di?

– Operasjon Radis i Detektivbyrå nr 2-serien og Amuletten Supernova.

 

Alva Elisabeth Torlaksdotter (10)

5. trinn, Moster skule

Kva likar du best å lesa?

– Spennande, morosame bøker og litt krim.

Kva er favorittboka di?

– Kattekrigerne-bøkene.

 

Tyra Habbestad (11)

5. trinn, Moster skule

Kva likar du best å lesa?

– Eg likar morosame, spennande og skumle bøker .

Kva er favorittboka di?

– Eg trur ikkje eg har éi favorittbok.