Lyg du og klarar ikkje å slutte?

Dei fleste av oss seier av og til ting som ikkje er heilt sant. Men kva tid blir løgnane eit problem?

Vi kan til dømes seie at vi har det bra, medan vi eigentleg ikkje har det så fint – eller at vi vakna klokka sju, medan vi eigentleg sov til klokka åtte, skriv Ung.no. 

Små løgnar vi fortel vi fordi det er praktisk der og då. Dei kallar vi for «kvite løgnar». Desse små løgnane skaper sjeldan problem, og faktisk så er det ein naturleg del av det å snakke med dei rundt oss på ein god måte.

Men kva tid blir løgnane eit problem?

Det som er meir alvorleg er når vi byrjar å lyge meir systematisk. Systematisk tyder at ein har ein plan for løgnane. Då finn ein på historiar, held tilbake viktig informasjon frå andre, og får foreldre eller vener til å tru på ting som ikkje er sant. 

Kvifor lyg vi?

  • Det kan kjennast enklare der og då. 
  • Kanskje synest vi det er vanskeleg å godta oss sjølv slik vi er? 
  • Kanskje vi kjenner press frå foreldre og vener som vi ikkje klarar å leve opp til? 
  • Nokon lyg fordi det kan gje eit adrenalinkick.
  • Nokon byrjar å lyge for å teste grenser – for å sjå kor mykje dei kan lure folk utan å bli tatt i å lyge. 

Kva skjer når du blir oppdaga?

Ofte kjem sanninga for ein dag, og folk skjønar at du har fortalt dei ei løgn. Det er ei dårleg kjensle, og det stiller deg i eit dårleg lys. Venene dine og foreldra dine kan byrje å tvile på om dei kan stole på deg. Samvitet ditt vil også spele inn. Du veit jo at dette er gale. Kvifor driv du og lyg for folk? Du er jo eigentleg ikkje ein slik person?

Slitsam måte å leve på

Å lyge er veldig slitsamt. Det kan gje oss dårleg samvit, angst og grubling. Ofte kan løgnane komme ut av kontroll. Du hugser ikkje kva du har sagt til kven, historiane spriker, og det blir vanskeleg for deg å skilje mellom kva som er sant og ikkje.

Korleis kan du slutte å lyge?

Viss du ønskjer å slutte å lyge, kan du fyrst prøve å svare på desse spørsmåla:

  • Kva situasjoner er det eg oftast lyg i?
  • Kvifor gjer eg det?
  • Kva er det eg vil oppnå eller unngå?
  • Korleis kjennest det for meg når eg lyg?
  • Korleis kjennest det for dei rundt meg?
  • Kva kan eg gjere for å ikkje lyge så mykje?
  • Kva treng eg for å starte å seie sanninga?

Det neste du bør gjere, er å finne noko du kan snakke med om problemet ditt. Det er fullt mogleg å slutte å lyge, men det er mykje lettare å få det til viss du får støtte og hjelp av ein god ven eller ein fagperson.  

(Kjelde: Rådgjevar innan adferdsterapi, i samarbeid med redaksjonen Ung.no)