Skrivekonkurranse for 10-13-åringar – med fine premiar!

Foreningen !les og Framtidajunior.no inviterer elevar på mellomtrinnet i heile Noreg til å vera med på ein skrivekonkurranse i samband med Tid for ti-aksjonen 2020.

Eit av utdraga du kan lese i Tid for ti-antologien 2020, er biografien om sjimpansen Julius.

Skriveoppgåve

  • Skriv ein biografi.
  • Du vel sjølv om du vil skrive om ein person, eit band, ein by eller eit dyr. Eller om noko heilt anna som du synest fortener å bli skrive om?
  • Du vel sjølv om du vil skrive sakleg, humoristisk eller alvorleg.

Valet er ditt!

Tenk at det du skriv skal kunne koma på trykk i Framtidajunior.no og at det skal vera interessant å lesa for andre.

  • Innleveringsfrist: 15. mars
  • Maks lengde: 400 ord

Premiar: 1. premie: 500 kroner og abonnement på Framtida Junior

Det blir i tillegg trekt ut vinnarar av klasseabonnement på Framtida Junior og bokpakke.

KRITERIEARK
Dette må du ha med: Kryss ut:
Overskrift
Namnet ditt og alder
Namnet på skulen
Dokumentet du sender skal vere lagra med namnet ditt. (fornamn_etternamn) Dette gjer det enklare for oss å få kontakt med dei som får teksten publisert.
Du kan sjølv sende inn, men lærar kan også sende fellesmail. Viktig er at kvart dokument er lagra med elevens namn.
Dei som sender har fått godkjenning frå sine føresette om at det kan kome på trykk i Framtida junior.
Send epost til junior@framtida.no eller ole@foreningenles.no og merk emnefeltet med «Skrivekonkurranse»