Miljømerka torsk vert sendt tur-retur Kina-Noreg for filetering

All torsk Findus sel i norske butikkar er miljømerka, samtidig har ein fjerdedel av den vore filetert i Kina. – Forvirrande for forbrukaren, meiner Framtiden i våre hender.

– All villfanga fisk som Findus sel i Noreg er miljøsertifisert gjennom MSC, seier Findus sin nordiske sjef for berekraft, Maria Svantemark til NRK.
Miljømerkinga seier ikkje noko om klimautsleppa frå å frakte fisken «jorda rundt» før den kjem til frysedisken på din lokale butikk.
I førre veke skreiv den svenske avisa Expressen at Findus sender miljømerka norsk torsk til Kina for filetering, før den vert sendt tilbake til svenske butikkar. Til NRK opplyser Findus at 26 prosent av torsken dei sel i Noreg også vert filetert i Kina.