– Vask kleda i kaldare vatn

Klesvask på 25 grader er best for både kleda og miljøet, ifølgje ein ny studie.

Klede som blir vaska på kortare og kaldare vaskeprogram, varer lengre, skriv Forskning.no.
Mange av oss har lært både heime og på skulen at undertøy bør vaskast på 90 grader, medan resten stort sett kan vaskast på 40 grader.

Men ny teknologi, i tillegg til at vi bryr oss meir om miljøet, har endra på dette. Klesproduksjonen er ikkje bra for klima og miljø. Bomull krevjer til dømes svært mykje vatn og kjemikaliar.

Mikroplast

Kvar einaste klesvask frigjer i tillegg hundretusenvis av mikrofiber som blir skylt ned i avlaupet og tek turen vidare til hav og strender.

No viser ein ny studie frå University of Leeds i England at vi bør vaske på kortare vaskeprogram og i kaldare vatn for å sleppe å kaste så mykje klede.

– Å bruke kortare og kaldare vaskeprogram er ein enkel måte å halde kleda fine og i bruk lengst mogleg, seier ho.