MGP 2020: Desse artistane skal framføre låten sin på laurdag

På laurdag er første delfinale i årets Melodi Grand Prix. Her er ei oversikt over dei som skal framføre songen sin fyrstkomande laurdag.

Kvar laurdag, fram til finalen 15. februar, skal alle dei fem landsdelane i Noreg konkurrere om å få sin artist med i finalen.

I tillegg til fire artistar kvar laurdag skal ein artist, som er garantert plass i finalen, framføre låten sin.

Desse skal konkurrere frå Sør-Noreg no på laurdag, 11. januar:

  • Kim Rysstad med låten Rainbow
  • Raylee med låten Wild
  • Geirmund med låten Come Alive
  • Lisa Børud med låten Talking About Us

Ein av desse fire artistane får gå vidare til finalen 15. februar.

Her kan du høyre songane frå Sør-Noreg.

I tillegg skal Sondrey opptre med låten Take My Time som er garantert ein plass i finalen.

Desse artistane er garantert ein plass i finalen 15. februar i Melodi Grand Prix:

  • Didrik & Emil – Didrik Solli-Tangen var med i MGP i 2010 med vinnarlåten My Heart Is Yours
  • Ulrikke – Ulrikke har vore med i MGP før, men du kjenner ho kanskje frå Stjernekamp?
  • Akuvi – RnB/Soul-artist og låtskrivar. Søstera, Anna-Lisa, deltok i MGP 2019.
  • Sondrey – Var med i Stjernekamp i 2019.
  • Tone – Tone var med i MGP i 2009 med låten Butterflies. Då blei ho slått av Alekxander Rybak. No er ho tilbake.