Hei, eg heiter Eirin og er 13 år. Eg går i 8. klasse, og bur på ein gard i ein liten dal i Jølster.
Det er vanskeleg å plukke ut den beste leseopplevinga, men eg har alltid vore frykteleg glad i Harry Potter! Det er vidunderleg å berre kunne drøyme seg bort i ei verd så proppfull av magi.
Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal er favorittbarnebøkene mine. Dei er skriven på ein varm og leiken måte, som får deg til å føle deg heime.
For at eg skal like ei bok, bør ho vere original, ha eit interessant utgangspunkt og karakterane burde vere truverdige og spennande. I tillegg bør boka ha akkurat passe skildringar til at ein kan klare å leve seg inni situasjonen.
På fritida spelar eg musikk, målar og driv med buldring. Eg synest det er svært viktig med klima og miljø og er med i organisasjonen Natur og Ungdom der vi gjer mykje spennande.