Victoria (12): – Serien er både morosam og trist 

Framtida Junior har snakka med Morten (11), Victoria (12) og Emma Marie (12) om kva dei synest om NRK Super-serien "Klassen".

NAMN: Morten Kjerpeseth Rusten

ALDER: 11 år

Foto: Janne Nerheim

Kva synest du om «Klassen»

– Det er ein bra serie.

Favorittema?

– Omsorg. At dei fiksar opp i ting. Dei klarar å bli vener att, sjølv om dei er sure på kvarandre. Dei snakkar i lag. Eg har lært litt meir om det å snakke saman av å sjå på serien.

Korleis er det å gå i din klasse? 

– Veldig fint. Alle kan vera i lag. Det er alltid noko å gjere på her.

NAMN: Victoria Andreassen

ALDER: 12 år

Foto: Janne Nerheim

Kva synest du om «Klassen»

– Den er gøy og spennande. Den er morosam, trist, litt av alt eigentleg.

Favoritttema? 

– Då folk prøvde å presse Astrid til å røyke. Det var spennande. Eg er glad ho ikkje gjorde det!

Korleis er det å gå i din klasse? 

– Det er kjekt. Gutar og jenter er ilag, det er ikkje ein gutegjeng og ein jentegjeng.

 

NAMN: Emma Marie Thorkildsen

ALDER: 12 år

Foto: Janne Nerheim

Kva synest du om «Klassen»

– Den er veldig kjekk, og vi lærer om korleis vi ikkje skal oppføre oss.

Favoritttema?

– Eg likar den episoden der Amalie og Oliva er uvenner. Det var spennande å sjå korleis dei blei vener att.

Korleis er det å gå i din klasse? 

– Det er ikkje så mykje som er likt som i “Klassen”. Det har vore litt drama, men det er det ikkje no. Alle er vener, og vi har det veldig bra.