Korleis kan vesle meg hjelpe for at andre skal få nok mat?

Anna Maria Israelsson (25) undersøker kva vi menneske får i oss av mat.

– For å ete meir berekraftig mat kan ein ete lokale produkt, og då gjerne grønnsaker som er sesongmat. Slik som poteten er no på denne årstida, seier Anna Maria.

– La grønnsaker ta meir plass på tallerken og i kosthaldet enn til dømes raudt kjøt og andre produkt frå dyr.

Kortreist mat er best

Men å ete grønnsaker er ikkje nødvendigvis klimavenleg. Frukt og grønt som har vorte transportert med fly eller tungtransport til Noreg har vore med på å sleppe ut farlege klimagassar.

– Et lokalprodusert mat, og mat i sesong. Altså mat som ikkje har blitt frakta så langt, seier Anna Maria Israelsson som er masterstudent i samfunnsernæring.

Korleis kan du hjelpe?

Det er kanskje vanskeleg å tru at vårt fokus på kva vi har på tallerkenen kan vere med på å hjelpe andre som svelt.

Anna Maria Israelsson fortel at ein må begynne med seg sjølv. Det er riktig å ha fokus på matsvinn og kva mat som er berekraftig.

– Vi ser at vi som forbrukarar har hatt stor innverknad på kva vi får av varer i butikken. Vi har bedt om mindre kjøt og fått kjøtfrie alternativ. Vi har bedt om å få kjøpe mat som er utgått på dato, og butikkane har byrja å gi oss halv pris på matvarar som er nær datostemplinga. Vi som er forbrukarar må begynne. Vi kan vere med å påverke politikarane, seier ho.

Visste du at…

Talet på menneske som lever med kronisk svolt er høgt, sjølv om talet har gått ned. 1990-92 var det 23,3 prosent som levde med kronisk svolt. I 2014-2016 var det 12,9 prosent.

821 millionar menneske er råka av svolt, medan nesten to milliardar opplever manglande matsikring i periodar. (Kjelde: FN)