Denne veka møtest dei som styrer verda

Statsminister Erna Solberg, Donald Trump og dei fleste statsleiarane i verda deltar på FN-toppmøtet i New York – sjølv om fleire av landa er uvenner.

Dei fleste av verdas presidentar og statsministrar er i New York og generalforsamlinga til FN denne veka. Dette er det møtet i verda der flest land deltar. 193 land deltar og alle land har éi stemme.

Vil uvenner møtast?

Mange er spente på om president Donald Trump og den iranske presidenten Hassan Rouhani vil møtast. Iran og USA har vore i konflikt sidan den iranske revolusjonen i 1979. Forholdet mellom landa har blitt dårlegare etter at USA trakk seg frå atomavtalen i fjor.

Trump har uttalt at ingenting er heilt utelukka, men han har ingen planar om å møte Iran. Han har likevel understreka at han er fleksibel til eit møte.

India og Pakistan kranglar om fjellområdet Kashmir, og fleire lurer på kva dei vil seia til kvarandre når dei møtest.

President Vladimir Putin frå Russland kjem ikkje til møtet. Han sender utanriksministeren i staden. Heller ikkje Kim Jong Un kjem til FN.

Klima, fred og menneskerettar

På møtet er det mange saker som blir diskutert. Klima er det viktigaste temaet for møtet. I tillegg er menneskerettar og fred viktige saker. 

Presidenten i Brasil, Jair Bolsonaro, kjem til toppmøtet, og det er venta at han vil få kritiske spørsmål om dei mange brannane i regnskogane i Amazonas. Mange er spente på kva han vil svara. Han har tidlegare hetsa Noreg etter å ha fått kritikk for korleis Brasil tar vare på regnskogen.

Viktige saker for Noreg

Statsminister Erna Solberg deltar for Noreg. Desse er dei viktigaste sakene for Noreg.

  • Jobba for å sikra Noreg plass i Tryggleiksrådet.
  • Styrka FN for å skapa fred, betre samarbeid og hjelpa flyktningar.
  • Jobba for å nå Berekraftmåla, og særleg det som gjeld klima, hav, utdanning, likestilling og helse.