Har laga sin eigen jordfabrikk

Syskena Vera (10), Harald (8) og Olivia Kleppe (5) er glad dei har varmkompost i hagen. Komposten gjer at dei kastar mindre mat, og får supergod jord til kjøkkenhagen.

Det er bra med kompost! Vi får produsert jord vi kan bruke sjølv og det blir mindre avfall, seier Vera. 

Jorda bruker vi til å lage planter med, fortel Olivia.

Familien har hatt kompost i fire år.

RØRE: Vera er gamal nok til å vere med på å røre i komposten. Foto: Privat

Alle kan få dette til, seier Ida, som er mammaen i huset. Ho tek seg av strøet ein må ha med jamne mellomrom. Ho passar også på å røre i komposten.

Vera er gamal nok til å vere med på å røre. Elles er alle barna med på å sortere matrestar, slik at vi veit kva vi skal gje til hønene og kva som skal i komposten, seier Ida.

Mykje mat i hagen

Familien dyrkar all slags grønsaker og bær i hagen. Når dei skal plante noko, bruker dei jord, kompost og gjerne ein dæsj hestemøkk. 

Vi fekk kjempestore agurkar i sommar, fortel Olivia. 

I tillegg til agurkar har vi poteter, tomater, salat, bær, rips, blåbær, plommer, solbær, bringebær, jordbær, lauk, purrelauk, sukkererter og brokkoli, ramsar Vera opp.