FAKTA: Barnas Valg
FAKTA:
- Barnas Valg skal lære barn om politikk og demokrati på ein morosam og engasjerande måte.
- På nettsida kan barn og unge lære korleis det politiske systemet fungerer, ta i bruk interaktive hjelpemidlar som til dømes valgomat for å finne ut kva parti dei er mest einig med, og til slutt gi si digitale stemme til det partiet dei meiner bør få bestemme mest i kommunen.
- Barnas Val arrangerast av Redd Barna og Nordic Screens og samarbeider med alle dei store politiske partia, som for anledninga har laga elleve forskjellige barnepartiprogram – eitt for kvart fylke.
(Kjelde: Redd Barna)
– Vi er overvelda! Då vi arrangerte Barnas Val i 2017 hadde vi totalt ein million sidevisningar på nettstaden. Denne rekorden slo vi allereie etter ti dagar i år, seier Redd Barnas generalsekretær Birgitte Lange i ei pressemelding.
Den mest besøkte sida er om partia. Noko som viser at barna sett seg godt inn i dei ulike partia før dei stemmer, meiner Redd Barna.
Valdagen
Frå 26. august har elevar frå 5. til 10. trinn stemt på det partiet dei vil skal vinne valet i si kommune.
Dei digitale stemmeurnene er opne fram til klokka fire på Barnas Valdag 5. september, men allereie no har fleire titalstusen barn stemt. Alle fylker i Noreg er representert i stemmegjevinga.
– Når så mange tusen barn seier si meining, kan det ikkje ignorerast. Vi forventar eit enormt trykk på valdagen, seier Lange.