Thomas (14) heldt foredrag om hacking på nasjonal sikkerheitskonferanse

Han kan hacke eit lyskryss og endre skulekarakterene sine med nokre tastetrykk.

FAKTA: Kva er ein hacker?

Ein hacker er ein person som set pris på utfordringa ved å bryte grenser innan dataprogrammering.

(Kjelde: Wikipedia)

LES FAKTALUKK FAKTA

14 år gamle Thomas Bekkedal Wragg Moen blir omtala som eit spesielt talent innan datasikkerheit. Han er så flink med data at han denne veka heldt foredrag under den nasjonale Sikkerhetsfestivalen i Lillehammer.

– Det er mogleg å sitje bak ein skjerm og eit tastatur og gjere mykje skade. Store firmaer kan kollapse viss eg tastar inn nokre få tastetrykk og trykker «enter». Men det er det eg prøver å forhindra, fortel Thomas Bekkedal Wragg Moen til NRK.

Thomas er ein «snill» hacker.

Mange truslar

Ifølgje Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) er truslane mange. Id- og bildetjuveri, svindelforsøk og hacker-øydeleggingar er diverre vanleg.

Selskapet samarbeider med Thomas for å gjere ungdom bevisst på kva farar som lurer i den digitale verda. Og korleis dei kan verne seg mot å bli hacka.

Thomas meiner alle må bli betre på datasikkerheit. Han har nokre råd:

– Du må vera kritisk til kva du ser på. Mange er berre ute etter å skaffe seg informasjon som dei kan nytte på ein eller annan måte. Skaff deg et sterkt passord. Og bruk totrinnsverifisering der du kan. Då gjer du det vanskelegare for dei som har onde hensikter, seier han til NRK.