«The Gathering» er tilbake i påska

I år vert «The Gathering» arrangert i Vikingskipet i Hamar for første gong på fire år.

The Gathering (ofte forkorta til TG) er eit datatreff som sidan 1996 har vore arrangert av KANDU kvar påske i Vikingskipet på Hamar. Det er Noregs største og verdas nest største datatreff etter Dreamhack i Sverige.

Dei siste åra har det vore arrangert online-versjonar av festivalen på grunn av koronapandemien.

Men, i år finn «The Gathering» stad frå 5. – til 9. april.