The Gathering i vikingskipet startar i dag

28. mars til 1. april er det duka for landets største dataparty! Spørsmålet er: Kven ropar «Arne» fyrst i år?

Kvar påske samlar over 5000 deltakarar seg i Vikingskipet på Hamar for å dele ei felles interesse: Data.

Nr. 2 i verda

The Gathering (ofte forkorta til TG) er det største datapartyet i Noreg. Det er også det største datatreffet i verda etter Dreamhack i Sverige.

Spøken «Arne»

«Arne» er ein intern spøk som har pågått på The Gathering (og spreidd seg til andre datatreff) sidan byrjinga av 2000-tallet. Spøken er at nokre deltakarar ropar «Arne» så høgt dei kan i kor. «Arne»-ropinga spreier seg til andre, og til slutt ropar heile skipet.

I eit intervju med Vegard Skjefstad, som har vore med på The Gathering sidan starten i 1992, kom det fram at «Arne» hadde vunne ein konkurranse, men hadde på seg høyretelefonar. Difor kunne han ikkje høyre at han vart ropt opp. Dei som sat rundt han prøvde å få kontakt, og det førte til slutt at alle byrja å rope «Arne» heilt til det spreidde seg til heile skipet.

(Kjelde: Wikipedia)