Kva tenker partia om skulemat?

Under kommunestyre- og fylkestingsvalet er skulemat noko dei ulike partia diskuterar. Dei som vil ha skulemat, må velje bort andre ting eller auka skattane. Alt kostar, og det er det politikarane prøver å finne ut av i partia dei jobbar for.

  • Rødt vil gi eit næringsrikt måltid kvar dag på alle skular.
  • Sosialistisk venstreparti er for gratis skulemat.
  • Arbeidarpartiet er no for gratis skulemat for alle elevar i grunnskulen og vidaregaånde skule kvar dag. 
  • Miljøpartiet dei grøne vil innføre eit gratis skulemåltid for alle elevane i grunnskulen.
  • Senterpartiet er for skulematordning i skulen. 
  • Kristeleg folkeparti står ikkje noko om det i partiprogrammet. 
  • Venstre vil tilrettelegge for forsøk med skulemåltid i grunnskulen.
  • Høgre prioriterer ikkje skulemat. Erna Solberg sa til Framtida Junior i 2017 at Høgre ikkje prioriterer skulemat, og vil heller bruke pengane på læring og kunnskap.
  • Framstegspartiet er for skulemat mot foreldrebetaling, der betalinga er gradert. Då vil dei familiene med låg inntekt betale mindre enn dei familiene med høg inntekt.Visste du at i Finland og Sverige er det nedfelt i lova at det skal vere eit gratis, varmt måltid om dagen for alle skulebarn?

LES MEIR: Ameli er lei av tørre brødskiver