Elevleiar: – Vaksne forstår ikkje den digitale verda me lever i

I ei undersøking gjort på oppdrag for Telenor og Røde Kors svarar 45 prosent av lærarane at elevane deira har opplevd nettmobbing. Fleire elevar på barneskulen vert mobba, enn blant elevar på vidaregåande.

Den påtroppande leiaren, Alida D’Agosino, i Elevorganisasjonen meiner diskusjonen om mobilforbod i skulen ikkje er ein god idé, men at vaksne heller må vise interesse for elevane sin kvardag på nett.

– Det er liksom heile kvardagen vår

I ei spørreundersøking gjort av Opinion på oppdrag for organisasjonane svarar 45 prosent av dei 501 lærarane som er spurde, at dei opplever at elevar vert mobba på nett.

Fleire elevar på barneskulen vert mobba, enn blant elevar på vidaregåande.

– Me vert møtte med at dei vaksne kanskje ikkje heilt forstår den digitale verda me lever i, seier D’Agostino og viser til at debattleiaren snakka om «på nett og i det daglege liv».

– Men for oss så er begge deler like verkeleg. Det er liksom heile kvardagen vår.

Ho trur at vaksne lærarar og foreldre som viser interesse og forståing for livet på sosiale medium, kan vere særleg viktig for at unge skal våge å kome til dei vaksne når det skjer noko på nett som dei ikkje klarar å deale med sjølv.

Mobbelova

Røde Kors sin hjelpetelefon Kors på halsen har hittil i år fått 8000 telefonar og meldingar frå barn og unge som vil snakka om relasjonar og utfordringar i livet.

I 2017 tredde den såkalla mobbelova i kraft. Ifølgje Opplæringslova paragraf 9A har lærarar og alle andre vaksne på skulen ei aktivitetsplikt som betyr at dei må gripe inn og melde ifrå til rektor, slik at det kan verte sett i verk tiltak.

Dersom elevar og foreldre meiner at skulen sviktar si oppgåve i å sikra eleven eit trygt og godt skulemiljø kan dei klaga direkte til fylkesmannen.