Slangebitt er verdas største skjulte helsekrise

Kvert fjerde minutt døyr eit menneske av slangebitt i verda. Dei fleste er fattige menneske.

No vil Verdas helseorganisasjon ruste opp helsevesenet og sørgje for at meir motgift er tilgjengeleg.

I Noreg er det sjeldan folk vert bitt, og vi har berre ein giftig slange her i landet, nemleg hoggormen.