Thale (14) skreiv om rommet sitt og vann

Thale Christensen frå Bindalseidet skole heilt sør i Nordland vann Framtida.no-konkurransen med over 100 ungdommar frå heile Noreg.

Thale vann Framtida.no si skrivekonkurranse. (Foto: Privat)

Vinnarteksten ser du lengre nede i saken. Først eit lite intervju med vinnaren.

(Framtida junior si siste skrivekonkurranse kårar vinnarar i august)

– Tanken på å vinna streifa verken meg, eller dei andre sju i klassen, då me fekk oppgåva. Me tenkte vel eigentleg at det kom til å bli nokon frå Oslo eller ein annan storby, fortel Thale Christensen.

Så feil kunne 14-åringen frå Bindalseidet skole ta.

Over 100 ungdommar frå heile Noreg deltok, men Thale hentar sigeren i skrive- og fotokonkurransen til Framtida.no, Magasinett og Faktafyk heim til Nordland.

– Det er ein liten skule med få elevar, så det var eigentleg ganske utenkeleg at nokon herifrå skulle vinna, seier den glade vinnaren.

Ein tilfluktstad

Endå sigeren var uventa, så smakar den likevel godt.

– Det gjekk eigentleg ei lita stund før det heilt gjekk opp for meg, men eg vart jo sjølvsagt glad! seier Thale.

14-åringen imponerte juryen med si velformulerte og biletrike skildring av rommet sitt. Vinnarteksten kan du lese her.

– Kva for eit forhold har du til rommet ditt?

– For meg, er rommet mitt ein slags tilfluktstad frå stresset og maset til kvardagen. Det er fint å kunna skru på litt musikk, og berre hiva seg ned i sofaen eller senga med mobilen eller ei god bok i fanget, utan å måtta tenka på omverda. Rommet mitt er liksom mitt eige område, der eg kan pusta heilt ut.

Den unge skribenten fortel at ho brukar mykje tid på rommet sitt.

– Eg søv ganske lenge om dagane, og når eg vaknar liggar eg ofte ei stund på mobilen før eg samlar nok ork til å stå opp. Eg har ein del å gjera på fritida, med trening, band-øving og sånn, men dei dagane eg ikkje har noko å gjera, sit eg ofte nokre timar på rommet.

Det er ein fin plass å sitja med ei god bok eller mobilen i fanget, fortel 14-åringen.

Ikkje den største rotekoppen

Juryen lo litt då Thale skreiv i teksten at bildet var iscenesett, men 14-åringen lyt også innrømme at rommet ikkje alltid er plettfritt til vanleg.

– Rommet mitt er kanskje ikkje eksemplarisk når det gjeld å vera ryddig, med nokre kleshaugar her og der, og til tider eit par tomme glas på bordet, men eg vil ikkje akkurat seia at eg er den største synderen når det gjeld rot, fortel Thale, og legg til:

– Eg prøver å halda det ryddig, men det hender at det bygger seg opp ein haug her og der.

– Fint å dela det eg skriv

Dette er ikkje første gong Thale set penn mot papir.

– Skriving er noko eg har halde på med i fleire år, i og utanfor skulen. Eg liker å vera kreativ, og då er det fint å sitja med ein blyant og skriva ned eit par linjer på eit ark.

Den nykåra vinnaren fortel at ho i år også deltok på UKM med ein handfull eigenskrivne dikt, og at ho for nokre år sidan hadde ein liten tekst på trykk i avisa.

– Eg liker veldig godt å skriva, og det er også fint å kunna dela det eg skriv med andre, og lesa det andre skriv.

Rommet mitt

Eg ligg på ei øy. I eit hav av rot.

Stille og fredeleg, ligg eg og søv.

Mens plastpose-kvalar og belte-åler symjer rundt, og slukar tusjkorkar og hårstikk.

Bøker flyt rundt, og kviskrar salte ord om ullsokk-torskar og stikkontakt-kreps.

Små, usynlige støvkorn flyg rundt, og legg seg i vassoverflata.

Varm bris frå ei vifte blæs utover sjøen, og gir vind i seg for ei einsam hybelkanin.

To langhala midgardsormar smyg seg rundt på havbotnen, i jakt på bytte, ofte i form av ein ulltråd.