Hard hud under føtene er bra

Er huda under sommarføtene dine hard? Den er utvikla gjennom hundretusenvis av år med evolusjon, ifølgje forskarar.

Hard hud er naturen sin geniale måte å tilpasse seg livet som berrføtt, skriv Forskning.no. Den skjermar foten som ein medfødt sandal. Berre betre, ifølgje tidsskriftet Nature.

Nicholas Holowka og hans kolleger har studert huda under føtene. Dei ville finne ut om eit tjukt hudlag under føtene ville ha noko å seie for kva ein kjenner når ein går.

Blei overraska

Forskarane fann 80 personar frå Kenya, og 20 frå USA. Nokre av personane i begge land gjekk ofte eller alltid berrføtt, medan andre vanlegvis nytta sko.

Det viste seg at folk som gjekk mykje berrføtt hadde tjukkare og hardare hud under føtene enn dei med sko. Men det var ein ting som overraska forskarane: Føter med tjukk hud var like gode på å oppfatte berøring som føter utan tjukk hud!

– Det tyder at føter med tjukk hud er beskytta samstundes som at vi ikkje mister signala vi treng for å ha god balanse og kontroll når vi går, meiner Holowka.