206 år sidan Aasen kom til verda

Om Ivar Aasen framleis levde ville han fylt 206 år i dag, 5. august.

Ivar Aasen blei født i Ørsta i 1813 og døde i Christiania (Oslo) i 1896 som 83-åring.

Aasen var ein norsk språkforskar og diktar. Han er mest kjend som opphavsmannen til nynorsk som skriftspråk.

Han er også mannen bak diktet/songen «Nordmannen» eller «Mellom bakkar og berg», som dei fleste kjenner den som.

«Nordmannen»
Tekst: Ivar Aasen, 1875, modernisert rettskriving ved Ivar Grimstad og Terje Aarset
Melodi: Ludvig M. Lindeman, 1871
Mellom bakkar og berg utmed havet
heve nordmannen fenge sin heim,
der han sjølv heve tuftene grave
og sett sjølv sine hus oppå deim.
Han såg ut på dei steinute strender;
det var ingen som der hadde bygt.
”Lat oss rydja og byggja oss grender,
og so eiga me rudningen trygt.”
Han såg ut på det bårute havet,
der var ruskut å leggja utpå;
men der leikade fisk nedi kavet,
og den leiken, den ville han sjå.
Fram på vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare land!
Men når vårsol i bakkane blenkte,
fekk han hug til si heimlege strand.
Og når liene grønka som hagar,
når det laver av blomar på strå,
og når netter er ljose som dagar,
kan han ingen stad venare sjå.