Har du fått med deg #bottlecapchallenge?

I år skal du sparka korken av flaska. Her er historia bak den nyaste internett-hypen.

Internettfenomenet #bottlecapchallenge vart bokstaveleg talt sparka i gang av Farabi Davletchin.

Den kasakhstanske taekwondoutøvaren har Instagram-kontoen farakicks. Der la han førre veke ut ein video der han snurrar rundt og sparkar korken av ei flaske:

Med emneknaggen #farakickschallenge sendte han utfordringa vidare til den tidlegare MMA-utøvaren Conor McGregor og actionheltane Jackie Chan, Jean-Claude Van Damme og Jason Statham.

I første omgang ser det ut til at dei ikkje beit på agnet, men så kom designaren Errolson Hugh på banen og introduserte emneknaggen #bottlecapchallenge:

Mange har gjort det same. Det har Framtida og Framtida junior-redaksjonen også gjort: