Treng det vera paprika på Grandiosa??

Det er mange born som ikkje likar paprika på Grandiosa. I 2009 byrja dei å lage Grandiosa utan paprika. Likar du paprika på Grandiosa?

Skrive av Maja og Einy frå Tjødnalio skule, etter at Framtida junior hadde journalistkurs i klassa deira.

Kvar dag vert det produsert 100 000 grandiosa-pizzaer. Me vil finna ut om det er andre enn oss som ikkje likar paprika på pizzaen.

Me har intervjua nokre elevar på 6.trinnet på Tjødnalio skule. Den fyrste me spør er Shaheem Shabani (11) og Janne Fadnes Marcussen ( 11) .

Ja, eller nei til paprika på pizza? (foto: pixabay)

Likar du paprika på Grandiosa?

-Nah, nei, eg likar ikkje paprika på Grandiosa, seier Shaheem.

-Nei, eg likar det heller ikkje, seier Janne.

-Kvifor?

-Fordi eg liker ikkje varm paprika, seier Shaheem.

-Fordi den er så blaut, seier Janne.

Den fyrste Grandiosaen vart laga i 1980,  men det gjekk nokre år før folk byrja å kjøpa den.                                                                                                                              -Synes du det burde vera paprika på Grandiosa?

-Nei, det synest eg ikkje, seier begge.

-Kva ville du hatt på din drømmegrandiosa?

-Eg ville hatt biff, ost, ketsjup og botn sjølvsagt, smiler Shaheem

-Eg hadde hatt akkurat det same, men utan paprika, og med litt meir ost og litt meir skorpe, smiler Janne.

-Eg synest det er litt dumt at det er billigare å kjøpe Grandiosa med paprika enn utan, seier Janne.

Grandiosa utan paprika kostar ca. 47 kr og med paprika ca. 41 kr.