Slik synstolkar du eit bilete på Instagram

Norges Blindeforbunds Ungdom har ei oppmoding til Instagram-brukarar over heile landet: Ver så snill, synstolk bileta dine!

Dersom du synstolkar bileta dine, kan også blinde og sterkt svaksynte personar få glede av det sosiale mediet og alle samtalane som stammar derifrå.

Framtida junior vil gjere klart at det er 13 år aldersgrense på Instagram.

Slik synstolkar du (trykk for større bilete):

Kva skal du skrive?

Ligg du strak ut på ei treningsmatte fordi du har lagt inn tidenes yoga-innsats, så er det ikkje nok å skrive «Eg ligg på ei treningsmatte». Ta med at du er sliten, at sveitteringane snart dekker heile deg, og du kjenner pulsen banke i hovudet.

Vi testar med dette bilete

Pixabay

For å synstolke dette bilete vel eg å skrive:

Eg er ei jente på seks år som sit på ein grusveg. Eg har på meg dongeribukse og ei grå t-skjorte. Eg er berrføtt, og sit med ryggen til, slik at du ser ansiktet mitt i profil. Eg er lei meg og stirar ned i bakken. Ein katt med store auge ligg på låra mine.