Elevar har godt av å ta ein blund i løpet av føremiddagen

Ein studie av nesten 3000 kinesiske elevar viser at å ta ein liten blund på føremiddagen kan betre resultata på skulen.

Forskninga er gjort av University of California, og viser at å sove litt på føremiddagen gir betre resultat på skulen. Dette skriver Forsking.no.

Her i Noreg er det vanleg at barn i barnehagen søv i løpet av dagen. I Kina gjer dei dette både gjennom barne- og ungdomsskulen, og til og med i vaksen alder.

Norsk professor er einig

Ståle Pallesen er professor ved Institutt for samfunnspsykologi ved Universitetet i Bergen. Han forskar på søvn og søvnforstyrrelser.

– Viss ein lærer seg noko på skulen dei første fire timane, for deretter å ta seg tid til ein blund, kan vi hugse det vi lærte betre. Det vil forbetre prestasjonane, seier Ståle Pallesen.