Kva bestemmer ordføraren?

Til hausten er det val i alle kommunane i Noreg. Kommunane styrer skular, bibliotek, symjebasseng, idrettsanlegg, kulturhus og mykje anna. Men kva gjer eigentleg ein ordførar?

Slik blir du høyrt

Slik kan du bli høyrt i kommunen din:

  • skriv lesarbrev i lokalavisa
  • ta kontakt med ordføraren eller ungdomsrådet
  • du kan arrangera ei markering eller ein demonstrasjon
  • du kan streika, til dømes for klimaet

FAKTA OM LOKALVALET 2019

  1. september kan alle som er fødd i 2001 eller tidlegare stemma i kommunestyre- og fylkestingsvalet.

Det er kring 10.000 menneske som skal veljast til dei 356 kommunestyra me får frå hausten av.

LES FAKTALUKK FAKTA

Framtida Junior-journalistane Leah Andrea Dahl (11), Thomas Fadnes Hatlevik (10) og Phi Loan Tran Leskela (11) frå klasse 5c på Leirvik skule fekk intervjua Stord-ordførar Gaute Straume Epland på kontoret hans på Stord Rådhus. Kvar kommune har eit rådhus der dei som styrer kommunen har kontor og møterom.

– Kva gjer ein ordførar?

– Å vera ordførar er å gjera veldig mykje forskjellig. Ordføraren er leiar for politikarane i kommunen, og skal vera med på å følgja opp det som kommunestyret bestemmer.

I tillegg er ordføraren med på å opna butikkar og andre ting, og halda talar.

– Korleis er ein vanleg dag på jobben?

– Det er mange møte. Det er møte med folk her på Stord, og i Bergen, Oslo eller nabokommunane.

Foto: Svein Olav B. Langåker

– Kva er det beste med å vera ordførar?

– Det er beste er å møta mange kjekke folk. Og så er det veldig kjekt å få vera med på å utvikla kommunen, og vera med på å skapa ein best mogleg kommune for dei som bur her.

– Viss du ikkje hadde vore ordførar, kva ville du ha gjort då?

– Eg var lærar før eg blei ordførar, og når eg er ferdig med å vera ordførar ein eller annan gong, så trur eg at eg blir lærar igjen.

– Kva fekk deg til å stilla til val?

– Eg hadde veldig lyst til å jobba for Stord, og for at kommunen skal bli ein veldig bra plass for alle som bur her – og så har eg veldig stor tru på dei sakene som partiet mitt står for: at me skal vera eit samfunn der alle har like mulegheiter og at det ikkje skal vera for store forskjellar mellom dei som er rike og dei som er fattige.

– Kva er det viktigaste eit kommunestyre bestemmer?

– Det viktigaste er budsjettet der me bestemmer kor mykje me skal bruka på skule, eldreomsorg, helsesjukepleiarar, vegar og så vidare. Og så kan me bestemma om me skal byggja nye skular og sjukeheimar, til dømes.

Foto: Svein Olav B. Langåker

Ordførar Gaute om 3 viktige spørsmål

  1. Korleis kan me få ei berekraftig framtid?

– Det er kanskje det viktigaste spørsmålet for oss alle. Det handlar om å ta vare på jorda vår. Me må utvikla ny teknologi, og så må me leva på ein litt anna måte. Me må resirkulera meir, og ikkje laga så mykje nytt heile tida. Og i løpet av nokre tiår så må me gå over frå gass og olje til fornybar energi som sol-, vind- og vasskraft. Og så må me ta vare på den urørte naturen vår.

  1. Kva vil du gjera for å kutta ned på plastforbruket?

– No blir det forbode med eingongsplast i Noreg frå neste år. Det er bra. Og så tenkjer eg det er viktig at når me skal laga nye fotballbanar, så kan me erstatta gummikulene på kunstgrasbanar med naturprodukt når det kjem på plass. Og elles kan me som kommune unngå å kjøpa inn unødvendig plast. Og så er det viktig at me samlar inn den plasten som kjem ut i naturen.

  1. Kva vil du gjera for å få varm mat på skulen?

– Det har Arbeidarpartiet bestemt at dei vil gå for no. Så då må me først og fremst jobba for at me vinn stortingsvalet. Det er Stortinget som bestemmer kor mykje pengar kommunane skal få, og ofte kva kommunane skal bruka pengane på. Me har sagt at me vil prøva å få det til likevel.

Kvifor har ordførarar eit stort smykke rundt halsen?
– Det er mest til pynt, men det er òg med på å visa at ordføraren representerer kommunen når han til dømes skal møta statsministeren, kongen eller er på andre møte eller tilstellingar.
Foto: Svein Olav B. Langåker