Bokslukarbøkene for neste skuleår er klare

Til hausten skal ca 45.000 elevar på 6. trinn lese seg gjennom ei samling av ti bøker for å finne den beste boka.

Troels Posselt, prosjektleiar i Bokslukarprisen i regi av Foreningen !les. (Foto: Kristin Strøm).

Alle påmeldte elevar på 6. trinn vil i august få ein antologi, altså ei samling med utdrag frå dei ti bøkene.

Elevane skal lese utdraga i løpet av hausten og stemme fram sine fem superfinalistar.

– Det har kome ut mange gode bøker for aldergruppa i løpet av det siste året. Eg vil gjerne få takke dei 22 anmeldarklassene som har lese og vurdert og hjelpe oss med å plukke ut nokre av dei aller beste ttitlane til prosjektet. Det har blitt ein god og variert antologi. No gler vi oss til at den kjem ut i skulane og til å høyre kva barna synest om bøkene, seier prosjektleiar for Bokslukarprisen i Foreningen !les, Troels Posselt.

Dette er dei ti finalistane:

  • Victoria Vargmo og jerntrollet av Alexander Løken
  • Kalde føtter, varme hjerter av Bjørn Arild Ersland
  • Mareritt av Linn T. Sunne
  • Vi skulle vært løver av Line Baugstø
  • Verdens verste fotballag av Marius Horn Molaug
  • En himmel full av skyer av Arne Svingen
  • Smadra av Brynjulf Jung Tjønn
  • Nagel. FNRZ 1 av Sigbjørn Lilleeng
  • Mysteriet med det forbudte bilde av Hanne Kristin Rohde
  • Snøsøsteren av Maja Lunde
Dei ti finalistbøkene i Bokslukarprisen 2019.