Sjå kva arkeologane fann under Oslo

Har du nokon gong tenkt på korleis det er å jobbe som arkeolog? Ung.Forskning.no og Forskning.no har laga ein spennande video om korleis det er å grave og finne gamle ting i Middelalderbyen i Oslo.

Ruinane etter Middelalderbyen ligg i området som blir kalla Gamlebyen i Oslo. Middelalderbyen hadde cirka 3000 innbyggarar i år 1300.

Så kom Svartedauden, og mange vart sjuke og døydde. På den tida var det litt under 1000 folk att i byen. På 1500-talet var talet oppe att i 3000 innbyggarar, skriv Ung.Forskning.no.

I 1624 brann byen ned til grunnen, og den vart ikkje bygd opp att på same stad. I staden vart byen Christiania grunnlagd i nærleiken.

Ny togbane

I videoen frå Ung.Forskning kan du sjå kva arkeologane fann då dei skulle undersøkje eit område der det skulle byggjast ny togbane. Dei gravde fram mange hus og ting frå folka som budde i Oslo på 1200-talet og 1300-talet.

VIDEO: Ung.Forskning.no og Forskning.no. Journalist Lasse Biørnstad var med arkeolog Egil Bauer på jobb.