12. mai er ein viktig språkdag i Noreg

12. mai i 1885 blei det vedtatt at nynorsk og bokmål var jamstilte skriftspråk i Noreg.

Dette vedtaket fekk namnet likestillingsvedtaket.

Nynorsk er ei målform som er tufta på landsmål.

Bokmål er tufta på dansk-norsk riksmål.

Du kan lese meir om dei to skriftspråka her: Kvifor har vi nynorsk og bokmål?

Forskninga viser at om du skriv nynorsk så er du rett og slett smartare. Språkforskninga ved NTNU meiner at barn som brukar både nynorsk og bokmål, får mange av dei same positive fordelane som fleirspråklege barn har. Fleirspråklege barn er ofte smartare, meir kreative og har betre språk. Dei er også betre i å oppfatte det som blir sagt, og ein presterer betre i matematikk på skulen. Proffesor, Mila Vulchanova, fortel at dess oftare ein brukar nynorsk skriftleg, dess raskare klarar ein å forstå ord frå begge målformane.
Ivar Aasen er mannen bak det nynorske skriftspråket.