Peter fekk gullbilletten

Til hausten skal Peter Andreas Hjellnes Moseng (10) ha hovedrolla i Charlie og sjokoladefabrikken.

I dagane etter audition gjekk Peter og venta på svar frå Det Norske Teatret. Det verka som ei evigheit.

Eg hadde vore ute. Då eg kom heim sa mamma: Gratulerer! Eg forstod ikkje kva ho meinte, men då det kom fram at eg hadde fått hovudrolla fekk eg heilt noia, og blei utruleg glad.

Peter hadde trua, men ikkje at det var han som skulle stikke av med rolla som Charlie.

På audition tenkte eg at alle var så utruleg flinke. Særleg då vi skulle synge Willy Wonka-songen.

Rolla som Charlie skal Peter dele saman med Ole Opsal Stavrum.

Scenevan skodespelar

Det er ikkje første gang Peter står på ei scene. Han har vore med i Trollmannen frå Oz, Reisen til Julestjernen og sist som geitekillingen Bobo i stykket som heiter Ulven. Han blir også å sjå i NRK Super sin komande julekalender Stjernestøv (2020).

Når eg går på scenen blir eg glad innvendig. Det er nesten som at eg boblar over. Eg knyter nevene og gir alt, seier han.

Nynorsk er ingen problem!

På Det Norske Teatret må alle skodespelarane snakke nynorsk og norske dialekter. Peter kjem frå Oslo, men har ingen problem med å snakke på ein ny måte.

– Eg har hatt nynorsk på skulen, så det går heilt sikkert bra, seier han.

Fleire favorittbøker av Roald Dahl

Peter har lese fleire av Roald Dahl sine bøker. Når han skal velje ei favorittbok blir det vanskeleg.

Det er sjølvsagt Charlie og sjokoladefabrikken, men Heksene og Mathilda er også veldig bra bøker.

Og Danny og den store fasanjakten – den likte eg også veldig godt.

Peter er superspent og gler seg til å få starte å lese manus og kome i gang. Men fyrst er det sommarferie, før hausten kjem som er proppfull av øving og skule og mange framsyningar av Charlie og sjokoladefabrikken.