Charlie og sjokoladefabrikken

Til hausten skal Det Norske Teatret sette opp musikalen om Charlie og sjokoladefabrikken.

Eit sukkersøtt univers

Charlie Bucket bur saman med foreldra og besteforeldra i eit falleferdig hus. Han er lei av kålsuppe og drøymer om å komme inn i den enorme sjokoladefabrikken til Willy Wonka, den fenomenalaste sjokoladefabrikanten i verda! Men ingen har sett Wonka på mange år, og ingen får komme inn i fabrikken. Alt ein ser er mystiske skuggar i vindauga, og uendelege mengder sjokolade som blir køyrt ut gjennom jernportane.

Jakta på gullbillettane

Men ein dag kjem nyheita: Willy Wonka har gøymt fem gullbillettar i fem sjokoladeplater. Dei fem heldige vinnarane får bli med inn i fabrikken. Jakta på gullbillettane er i gang. Ein etter ein blir vinnarane annonserte. Dei er glupske, bortskjemde, obsternasige og betrevitande barn av verste sort! Det er berre ein gullbillett igjen. Vil Charlie få oppfylt sitt største ønske? Vil han få oppleve magien i Wonka sitt fantastiske godteriunivers?

(Sitat: Det Norske Teatret)

Fakta om Roald Dahl

Forfattar Roald Dahl skreiv totalt 30 barnebøker.

Han blei født i Wales 13. september 1916, og døde 23. november i 1990. Begge foreldra kom frå Noreg, så han ferierte i Noreg gjennom heile oppveksten.

Nokre av bøkene

  • Charlie og sjokoladefabrikken
  • Verdens største fersken
  • Danny og den store fasanjakten
  • Georgs magiske medisin
  • SVK
  • Heksene
  • Mathilda
  • Dustene
  • Den fantastiske Mikkel Rev