Bli snillare med deg sjølv

Behandlar du seg sjølv like godt som du behandlar ein ven? Viss ikkje – kvifor er det slik?

Alle menneske har ein «indre kritikar». Dette er den stemma vi kan høyra inni oss som seier «skjerp deg no!», «pass på no!», eller «no dumma du deg ut!», seier Per Einar Binder til Ung.Forskning. Han er psykolog og professor på Universitetet i Bergen.

Per Einar fortel at det kan vera bra å ha ein indre kritikar.

– Når vi har baksnakka ein ven, så kan det vera bra å tenkje «skjerp deg, dette bør du slutte med!».

– Når vi syklar i trafikken er det bra å minna seg sjølv om å passe på. Og når vi seier noko som sårar andre har vi rett og slett dumma oss ut, seier psykologen.

For streng

Men ofte kan den indre kritikaren bli for streng.

– Då seier den til dømes «skjerp deg, du er berre heilt teit!». Sjølv om andre ville sagt at vi ikkje har gjort noko gale. Eller den seier «pass på, ikkje slapp av, det er farlege ting som lurer overalt!». Eller den seier «skjerp deg, du er berre mislukka!», seier Per Einar.

Når den indre kritikaren blir for streng, er den ikkje til hjelp. 

– Korleis veit du kva tid den er for streng? Jo, det veit du fordi den får deg til å kjenna deg redd eller flau utan å hjelpa deg med desse kjenslene, seier Per Einar.

For å få den indre kritikaren til å slutte å vera for streng med deg, må du bli merksam på korleis du snakkar til deg sjølv, ifølgje psykologen.