Amanda lærer vekk koding til jamaldra

Amanda Marie Grimseid (12) er ein racer på koding og programmering, og har halde på sidan ho var sju år gamal. Ho starta som elev, men har arbeidd seg oppover til å bli både hjelpelærar og instruktør.

– Koding er eit eige språk for kommunisering med PC. Du kan for eksempel bruke det til å få figurer på PC-en til å gjere forskjellige ting, forklarar sjuandeklassingen Amanda Marie Grimseid.

Ho er hjelpelærar på kodeklubben til foreininga «Lær Kidsa Koding» i Grimstad. Det er ein av foreininga sine 160 kodeklubbar, som er spreidde over heile landet, opne for alle og drivne av frivillige.

Som Lego og algebra

I Grimstad samlast mellom ti og femten unge kvar måndag for å lære seg å gje kommandoar til PC-en. På biblioteket får dei opplæring i Scratch, eit visuelt programmeringsspråk som skal gjere koding forståeleg for barn.

Slik ser programmet «Scratch» ut. Illustrasjonsbilde: Skjermdump frå kidsakoder.no

– Det er som Lego. Ein set klossar oppå kvarandre som blir til eit skript, altså oppgåva til figurane, seier Amanda som har vore med på kurset fleire gongar allereie.

Ein kalkulator og eit eventyrspel er blant tinga Amanda har programmert på eiga hand.

Amanda er hjelpelærar

I dag er ho hjelpelærar, men for nokre veker sidan var det ho som stod fremst i klasserommet og forklarte kvar dei ulike boksane skulle leggjast og kva beskjedar ein skulle plotte inn. Målet for denne kvelden er at ein gul katten i spelet «Straffespark» skal score mål, utan at den hoppande, blå blekkspruten står i vegen. Amanda går rundt og spør dei oppmøtte korleis det går, men akkurat i dag er det ikkje så mange som lurar på sjølve kodinga.

– Dei fleste problema er at Internett koblar seg av eller at musa sluttar å fungere, seier Amanda og flirer.

Amanda (t.h.) står sjølv for undervisninga på Kodeklubben i Grimstad nokre kveldar, men denne gongen er ho med som hjelpelærar.

Lett! Når du kan det..

Når du først har skjønt koding er det lett, skal ein tru Amanda. Ho forklarar at det er litt som matematikk

– Manglar du ei blokk, sluttar heile spelet å fungerer. Om katten plutseleg snurrar i staden for å sparke ballen, veit du at du har gjort feil.

Sjølv om koding kan vere litt kranglete av og til, forsikrar ho om at alle som har ein PC og litt interesse kan få det til. Ho skulle ønske fleire jamaldra tok turen, men er nøgd med at ein åttandedel av klassen har vore med på kurs.