Du treng ikkje vera god i matte for å læra koding

Det er kanskje viktigare å vera god i språk enn i matte, meiner forskarar.

Videospel, appar og dataprogram er laga av programmerarar. Dei nyttar kodespråk når dei skriv kommandoar som bestemmer kva programma og spela skal gjere.

Når du tenkjer på det å kunne kodespråk, tenkjer du kanskje at matte er viktigast å kunne?

Det er det ikkje, meiner Chantal Prat ved University of Washingtoni USA. Ho jobbar på eit institutt der dei forskar på hjernen og korleis menneske lærer, skriv Ung.Forskning.no.

LES MEIR: Amanda lærer vekk koding til jamaldra

Chantal og dei ho jobbar saman med, ville gjere eit eksperiment. Difor samla forskarane 30 personar mellom 18 og 35 år, som ikkje hadde lært koding før.

I forsøket skulle dei lære seg Python, som er eit programmeringsspråk. Forskinga viste at dei som er gode i språk og problemløysing, ofte er best i koding.

LES MEIR: Koding som ein del av undervisninga: Gjer seg klar for framtida

Norsk forskar: – Ikkje så rart

Cathrine Tellefsen er fysikar på Universitetet i Oslo. Ho underviser også lærarar i programmering i realfag. Ho synest ikkje det er så rart at dei som er gode i språk, også er flinke til å lære seg kodespråk.

– Å lære Python er litt som å lære eit nytt språk, berre at du skal kommunisere med datamaskinar, seier ho til Ung.Forskning.no.