– Du kan lage ditt eige kallenamn

Framtida Junior har snakka med språkforskar Benedicta Windt-Val om kallenamn og kjælenamn.

Kallenamn er namn ein føler det er greitt at alle brukar, medan kjælenamn er eit namn som berre dei aller næraste brukar, seier Benedicta.

Det er viktig at vi sjølv set grenser for kven som kan kalle oss for kva.

Det er du som skal bestemme kven som får bruke kallenamn eller kjælenamn, seier ho.

Nokre får kallenamn fordi dei har eit langt namn, nokre får det fordi dei gjer noko spesielt, eller fordi dei driv med idrett der ein har ei spesiell rolle på laget.

Det er ganske vanleg med kallenamn i Noreg. Det vanlegaste er at lange namn blir korta ned, fortel ho.

Finn på eit sjølv

Nokre får kallenamn av andre, medan nokre lagar namnet sjølv.

Enkelte gjer det fordi dei ikkje er nøgd med døypenamnet sitt, medan andre rett og slett berre har lyst til å bruke eit anna namn dei likar, fortel ho.

Når ein flyttar til ein ny stad er det enkelt å få andre til å bruke kallenamnet. Men om du ikkje skal flytte, og folk rundt deg allereie bruker døypenamnet ditt, kan det vera vanskeleg å få dei til å bruke det kallenamnet.

Vonde namn

Benedicta meiner foreldre bør tenkje godt over kva kjælenamn og kallenamn dei gir til barna sine. Mange sluttar å bruke kjælenamn når barna byrjer på skulen.

Kjælenamn er veldig privat. På skulen er det viktig å bruke eit kallenamn ein er komfortablel med at alle kan bruke, seier ho.

Det er smertefullt viss nokon gjer noko negativt ut av døypenamnet, seier Benedicta.

Namnet ditt og kven du er som menneske heng tett saman, ifølgje forskaren.

Eg tenkjer på namn som ein ryggsekk. Sekken er tom når du vert født. Så finn du ut meir og meir om deg sjølv, og sekken blir fylt opp av alt du er. Er du god i å spele piano, går det i sekken. Viser du omsorg for nokon andre, går det i sekken. Alt går i sekken, og alt går inn i namnet ditt. Så, viss nokon trakkar på namnet, trakkar dei på deg, seier Benedicta.