Ole Knut (11): – Eg har hatt fleire kallenamn

Ole Knut, Tiril, Karoline og Kristoffer fortel om kvifor dei fekk kallenamn.

Ole Knut Urdal (11)

Kva er ditt kallenamn?

– Eg har hatt fleire kallenamn. Namnet mitt eg jo Ole Knut, så eg vart ofte kalla OK i barnehagen. Av og til blir eg framleis kalla Ole K eller OK av venene mine. Eg likar best å bli kalla Raptor. Det fann eg på sjølv for cirka eitt år sidan.

Kvifor fekk du kallenamnet ditt?

– Vi har ein liten teikneseriegjeng der vi fyrst leiker noko, og så teiknar vi det som skjer i leiken etterpå. Raptor er min karakter. Det er eit slags utrydda dyr. Ein raptor er smart, rask og har mange evner.

Er det kjekt å få eit kallenamn?

– Raptor blir brukt veldig mykje av venene mine. Det er veldig gøy å ha eit kallenamn.

Kven brukar det?

– Det er aller helst teikneseriegjengen.

 

 

Tiril Sandvik Nævdal (11)

Kva er ditt kallenamn?

– Piril.

Er det kjekt å få eit kallenamn?

– Ja, det er det! Venninna mi har funne på det, men eg likar det. Det er ei stund sidan eg fekk det, eg hugser ikkje heilt kva tid.

Kvifor fekk du kallenamnet ditt?

– Det var berre ei venninne og eg som hadde det morosamt med å finne på kallenamn til kvarandre ein dag.  

Kven brukar det?

– Det er berre vener som brukar det. Dei aller næraste venene mine.

 

Karoline Jæger Midtlid (11)

Kva er ditt kallenamn?

– Karo.

Er det kjekt å få eit kallenamn?

– Ja, det er det.

Kvifor fekk du kallenamnet ditt?

– Det var nok fordi mange strevde med å seie Karoline då eg var yngre. Eg fekk det i barnehagen.

Kven brukar det?

– Vener, og nokre gongar familien.

 

Kristoffer Moe Tungesvik (11):

Kva er ditt kallenamn?

– Krissi.

Er det kjekt å få eit kallenamn?

– Ja, det synest eg. Eg har jo eit litt ganske langt fornamn, så Krissi er enklare og kortare. Foreldra mine syns det er greitt med kallenamn, så lenge det ikkje er eit stygt kallenamn.

Kvifor fekk du kallenamnet ditt?

– Det var eg sjølv som ønska meg eit kallenamn, så var det nokon som fann det på – eg trur eg var Peder. Eg har hatt det sidan 1. klasse.

Kven brukar det?

– Nesten alle venene mine seier det. Men det er berre vener, ikkje familien. Når eg møter nye folk, seier eg at eg har eit kallenamn etter ei stund. Eg seier eg heiter Kristoffer først, men når eg er blitt kjent med dei, seier eg at eg har eit kallenamn dei kan bruke om dei vil.