No må du skrive minimum 25 % nynorsk på Snapchat

Ei ny lov gjer at alle med norsk statsborgarskap, og som har sosiale medium, må legge ut 25 prosent av innlegga på nynorsk.

Alle som har sosiale medium som Snapchat, Instagram, TikTok og Facebook må skrive 25 prosent av innlegga på nynorsk.

Den nynorske ordlista blir nok nytta meir framover om ein skal tru Medietilsynet si nye lovendring. Denne lovendringa kjem som følgje av kravet om at det skal vere 25 prosent nynorsk i det offentlege.

Mållova (lov om målbruk i offentleg teneste) regulerer bruken av bokmål og nynorsk i staten. Den fortel at alt offentleg språk skal vere både på bokmål og minst 25 prosent nynorsk.

Den nye lova trer ikkje i kraft før overgangen til 2020.

Treng du hjelp til å skrive riktig? Bruk ordlista til Språkrådet!

TIPS: Vel du å ha lukka profil kan ein nytte seg av eitt av språka.

PSSSST!

Dette var årets aprilsnarr! Hadde du spreidd dette hadde det vore starten på ei falsk nyheit.

Les om falske nyheiter her