Dette geniet hadde blitt 140 år

14. mars er Albert Einstein sin fødseldag. Han var ein tyskfødd fysikar og nobelprisvinnar som er kjend for å ha formulert mellom anna relativitetsteorien

Relativitetsteorien er gaaaaaaaanske vanskeleg å forstå.

Her er eit forsøk på å forklare det.

Relativitetsteorien tek utgangspunkt i tyngdekrafta som Newton hadde kome fram til.

Einstein meinte at Newton sitt arbeid ikkje var ferdig.

Relativitetsteorien skildrar korleis tida ser ut til å gå saktare for noko som beveger seg tilnærma lysets hastighet, og korleis ingenting kan bevege seg raskare enn lyset.

Altså, viss ei klokke er i ro, slik som når du har den på armen, går tida inni den raskare enn om klokka vert utsett for stor fart rundt og rundt. Men den farten klarar ikkje me menneske å lage med å svinge armane våre rundt, då må farten vera superstor – nærast som lysets hastighet.

Fakta om Albert Einstein

  • Ein av verdas mest berømte fysikarar gjennom tidene.
  • Vart fødd 14. mars 1879 i Ulm i Tyskland.
  • Foreldra var jødar.
  • Viste ingen tidlege teikn på at han hadde geniale evner.
  • Då han var 10 år byrja han på Luitpold gymnas i Münich, der han nytta tida til å studere latinsk og gresk grammatikk.
  • Då han var 13 år, vart han merksam på ein serie med populære naturvitenskaplege bøker, og desse las han med stor entusiasme.
  • I 1921 fekk han nobelprisen i fysikk.
  • Då Hitler kom til makta i 1933, reiste Einstein frå Tyskland. Han frykta for livet sitt i Europa, og vart frakta i ein privat yacht frå Belgia til England, og så til USA der han budde til han døydde.