Einstein-brev solgt for 24 millionar kroner på auksjon

I brevet tek den tyske vitskapsmannen eit oppgjer med Gud og religion.

Albert Einstein skreiv og sendte brevet i 1954. Mottakaren var den tyske filosofen Eric Cutkind som Einstein diskuterte religion med, skriv NRK.

Populært brev

– Ordet «Gud» har inga annan betydning for meg enn å vera eit uttrykk for menneskeleg svakheit. Bibelen er ein samling av ærverdige, men samstundes ganske primitive legender, skriv Einstein.

Det var venta at nokon ville betale 13 millionar kroner for brevet, men det blei solgt for heile 24 millionar.

I fjor blei ein lapp der Einstein hadde skrive om lykke solgt på ein auksjon i Jerusalem for 1,5 millionar dollar.