Albert Einstein sine lykketips

For 95 år sidan skreiv Albert Einstein to lappar om kva som er eit lykkeleg liv. Denne veka vert lappane solgt på auksjon i Jerusalem.

Kjappe fakta om Albert
LITEN GUT: Einstein viste ingen spesielle teikn på å vera geni då han var liten. Foto: Wikimedia Commons
  • Ein av verdas mest berømte fysikarar gjennom tidene
  • Utforma relativitetsteorien som skildrar korleis tida ser ut til å gå saktare for noko som beveger seg tilnærma lysets hastighet, og korleis ingenting kan bevege seg raskare enn lyset. Altså, viss ei klokke er i ro, slik som når du har den på armen, går tida inni den raskare enn om klokka vert utsett for stor fart rundt og rundt. Men den farten klarar ikkje me menneske å lage med å svinge armane våre rundt, då må farten vera superstor – nærast som lysets hastighet.
  • Vart fødd 14. mars 1879 i Ulm i Tyskland
  • Foreldra var jødar
  • Viste ingen tidlege teikn på at han hadde geniale evner
  • Då han var 10 år byrja han på Luitpold gymnas i Münich, der han nytta tida til å studere latinsk og gresk grammatikk
  • Då han var 13 år, vart han merksam på ein serie med populære naturvitenskaplege bøker, og desse las han med stor entusiasme
  • I 1921 fekk han nobelprisen i fysikk
  • Då Hitler kom til makta i 1933, reiste Einstein frå Tyskland. Han frykta for livet sitt i Europa, og vart frakta i ein privat yacht frå Belgia til England, og så til USA der han budde til han døydde

(viten.no)

LES FAKTALUKK FAKTA

Den verdsberømte fysikaren var i Japan, og budde på hotell. Ein japansk bodbringar, som kom til hotellet for å levere ein beskjed, fekk desse to lappane i staden for småpengar som takk for hjelpa. Den berømte fysikaren skreiv nokre ord på tysk. På den eine lappen står det: «eit stille og beskjedent liv gir meir glede enn jakta på suksess som er knytt til konstant uro». På den andre står det: «der det er ein vilje, er det ein veg».

– Kanskje, dersom du er heldig, så vil desse notatene vise seg å vera langt meir verdifulle enn berre eit vanleg tips, skal vitskapsmannen ha sagt ifølgje den tyske seljaren som har lappane på auksjon. Denne veka vert lappane auksjonert vekk i Jerusalem saman med brev skrive av Albert Einstein.