Boka om Greta Thunberg kjem til hausten

Boka handlar om den unge jenta sitt liv med Asperger og vegen til å bli ein av verdas største klimaforkjemparar.

Omslag: Polaris

Artikkelen blei fyrst skriven på Framtida.no

– Greta trivast godt, ho har funne seg sjølv og kan stolt seie: «Eg har Aspergers og det er kult». Det er så flott å sjå, seier Malena Ernman på Cappelen Damm-bloggen Forlagsliv.

Mor til Greta er ein kjend operasongar i Sverige, og faren er skodespelar. Foreldra, Greta og søstera Beata har no skrive boka Scener ur hjärtat.

Boka kjem ut på Cappelen Damm til hausten.

Blei deprimert

Då Greta var 11 år slutta ho å ete, og vart deprimert.

Ho blei sendt mellom ulike institusjonar før ho vart diagnosisert med Aspergers syndrom, OCD og selektiv mutisme. (Kva dette er står forklart lengre nede i saken)

Ville vere heime

Ho ville ikkje gå på skulen, men berre vere heime med foreldra.

– Det var forferdeleg, ho visna bort. Ho følte på ei utestenging som ho ikkje kunne forklare, og ho var ikkje involvert i det sosiale på skulen. Før skulestart hadde ho alltid hatt vener. For oss var det brutalt, forklarar mamma Magdalena på Forlagsliv.

Fann sin veg – si sak

Dette var før Greta fann ut kva som var verdas viktigaste sak og i ein alder av 15 år sette seg til å streike utanfor den svenske Riksdagen for å få politikarane til å ta grep.

Hennar «Fridays for future»-streik har sidan breidd om seg til å verte ei internasjonal rørsle. 15. mars mønstrar skuleelevar frå heile verda til global skulestreik, inspirert av Greta.

Ordforklaringar:

Asperges– Folk som har asperger har ofte vanskar i sosiale settingar. Kan ha problem med kroppsrørsler og språket.

OCD– Er tvangslidingar. Det er uønska tankar som gjer at personar som har OCD blir opphengt i ting som gir utfordringar i det daglege livet. Eit døme kan vere at ein med OCD alltid må seie eit bestemt ord dersom ein person hostar. (Dette er berre døme, og ikkje den forma av OCD som Greta har).

Mutisme– Er manglande tale til trass for at evna til å snakke er bevart.

Kjelder: Snl.no